Seminar på DOGA: Kva kan vi lære av Kunstsilo?

Korleis blir ein gamal kornsilo til eit moderne kunstmuseum? Og kva skal til for at eit bygg endrar ein by? Den 10. september snakkar vi om Kunstsilo – prosjektet som viser korleis arkitektur, design og ambisjonar kan skape verdi langt utover sjølve bygget.

På dette seminaret tek vi deg med bak kulissane i eit av dei mest ambisiøse transformasjonsprosjekta i norsk arkitekturhistorie. 

Du får møte menneska som stod bak visjonen, dei arkitektoniske vala og samarbeidet på tvers av designfaga. Vi løftar også blikket og ser på kva Kunstsilo har betydd – ikkje berre for Kristiansand, men for Sørlandet som kulturregion og reisemål. 

Gjennom innlegg og samtalar spør vi: 

  • Kva gjer ein transformasjon vellukka? 
  • Korleis speler ulike designfag saman for å skape ei heilskapleg oppleving? 
  • Kan eitt bygg endre korleis vi ser på ein stad? 
  • Og kva kan andre kommunar, utbyggarar og kulturinstitusjonar lære av Kunstsilo? 



     

Meld deg på her