Kari Traa
I denne oppgåva har eg utforma og presentert eit skisseprosjekt for sportsaktøren Kari Traa. Vi besøkte hovudkontoret til Active Brands og fekk innføring merkevara sin identitet og bakgrunn. Oppgåva innebar å "brande" Kari Traa på ein ny og unik måte og samstundes selje mest mogleg varer. Butikken skulle utformast som ein shop-in-shop, ein større butikk der merkevarene er samla etter brand. Her var det viktig å fokusere på identiteten til Kari Traa, samt produktplassering og eksponering av varer. Det var åtte varegrupper som skulle eksponerast innan eit areal på 25 - 50 kvm. I tillegg skulle ein designe ein kassadisk som skulle supplere konseptet om det blei utvida til å bli ein sjølvstendig butikk. Ellers var viktige kriterium frå oppdargsgiver at butikken enkelt og effektivt skulle kunne "rullast ut" og vere praktisk handterbar, ha fysiske veggelement, vere kostnadseffektiv, vere feminin, vere berekraftig og passe til målgruppa 18 - 25 år.
“Urban playground” er eit konsept som speglar ein urban og aktiv livsstil. Konseptet byggjer på “Kari Traa-jenta” som beskrivast som positiv og sprudlande. Konspetet skal uttrykke ei morosam og sporty atmosfære, som appelerar til unge jenter. Kari Traa’s shop-in-shop skal vere ein arena som står i kontrast til den travle og krevjande kvardagen, og er ei påminning om at leik og moro er viktig! Konseptet skal bygge opp under visjonen om ein “happier, healthier and stronger lifestyle”. Det urbane skal bidra til at varene og merkenamnet blir satt inn i ein kvardagsleg, byprega og internasjonal setting, og er inspirert av “urban training.
Du finn meir om prosjektet på http://www.saraodven.com/kari-traa/
Kategorier
Prosjektleder
Bøkker'n spiseri
I denne oppgåva var fokuset på bruksendring og rehabelitering. Bygget har lang industriell historie, men skulle no nyttast som serveringsstad. Ei av oppgåvas største utfordring var å bevare så mykje av dei eksisterande løysingane/materiala som mogleg, men likevel utforme ei funksjonelle og estetiske løysingar. Det var viktig å holde på byggets og områdets identitet, samstundes som ein skulle vektlegge universell utforming, logistikk og trafikkmønster og varierande sitte-moglegheiter.
Idyllisk ved Akerselva ligg det ein historisk og særeigen plass, Lilleborg. Det ligg mange historier i desse bygga, som har vert vitne til hardt arbeid og ei stor utvikling. Konseptet bygger på fabrikkarbeidaren; eit menneske med stor kraft og styrke, med tyngde og solide kunnskapar. Konseptet speglar òg kontrastane mellom fortid og notid; det robuste lokalet, men nytta for hygge og samvær - ei truverdig, varm og stemningsfull atmosfære.
Sjå meir om oppgåva på http://www.saraodven.com/bkkern-spiseri/
Kategorier
Prosjektleder
Comfort Hotell Karl Johan
Denne oppgåva var i samarbeid med Nordic Choice HotelI, våren 2015. Eg har teikna eit framlegg til resepsjon/lobby og standard hotellrom for Comfort Hotell Karl Johan. Dette vart kåra til det andre beste prosjektet av Nordic Choice Hotell!
Målet til Comfort hotells er å vere nordens beste hotellkjede med ein bra pris, retta mot ei ung målgruppe, 25 til 45 år. Dei ynskjer å framstå som avslappa og urbane, eit hotell der ein kan vere seg sjølv - eit livsstilshotell!
CONTEMPORARY YOUNG
Konseptet heiter “Contemporary Young”, og er inspirert av Comfort Hotels visjon og verdiar. Det skal gjenspegle den urbane livsstilen, sett gjennom skandinaviske auger; ein minimalisme med varme og sjel. Konseptet skal framstå som ekte, moderne og uformelt. Med dette konseptet ynskjer eg å gi Comfort Hotel Karl Johan ein tydleg “attitude”, med fokus på gjestane, design og berekraft.
Sjå meir om prosjektet på http://www.saraodven.com/choice-hotell/