NIL-profil: Ralston & Bau

NIL-profil: Ralston & Bau

Arkitektnytt nr. 04/2017

Alexandre Bau & Birgitta Ralston

Arbeidssted: Ralston & Bau, designstudio grunda i Paris i 2001 og Norge i 2003.
Utdannet: Art & Design Academy of Rennes, France / Berghs School of Communication, Sverige / Design Thinking Bergen (KHiB, NHH, HVL).

Ralston & Bau leverer framtidsscenario, produkt, møbel- og romdesign.

Kva slags prosjekt jobbar de med nå?

I året som gjekk reiste vi rundt i Europa saman med eit tverrfagleg team frå Scandinavian Business Seating for å studere ulike arbeidsstadkulturar. Vi møtte ekstrembrukarar utanfor bedrifta sin kjende marknad. Det resulterte i at vi skapte tre framtidsscenario for Håg. Slik utvikla vi ein heilt ny type arbeidsstol som dekker konkrete behov og forventningar samstundes som det plasserer produktet i eit større samfunns- og berekraftig perspektiv.
Co-working spaces er eit arbeidsplassegment i sterk utvikling, som vi brukar som testsone for dette og andre prosjekt. Nett no er vi er i gang med å designe ein møbelkolleksjon for norske Elementa som vil dekke behov for intimitet og personlegdom. Det gleder vi oss til å vise fram i 2017.
 

Kva sider ved faget setter de mest pris på å jobbe med?

Vi er glade i å jobbe tverrfagleg med oppdragsgjevarar for å lage produktscenario, samstundes som vi likar å forme objekt og rom. Vi søker det narrative og scenografiske i eit design som er nytt, med intensjon om å føre samfunnet framover. Det krev spesifikk innsikt som vi får gjennom å sette oppdrag i kontekst; i eit berekraftig perspektiv og i møte med folk som skal bruke designen. Observasjonar, møter, reise og alle typar situasjonar gjer oss idear til ny design. Vi likar å handteikne kartlegginga av ein heil idé, frå form til bruk og konsept. Slik finn vi samanheng i kolleksjonen relatert til folks behov.

Vi har skapt Ideal Lab som eit kunstnarleg samfunnslaboratorium der vi skaper prototypar og testar møbel og objekt innanfor eit tema. Det er ein frigjerande prosess i samspel med andre kreative og med interessentar. Då jobbar vi veldig raskt frå teikning, direkte til 3D og modellproduksjon.
Vi ser stor verdi iå samarbeide med hyggelege og ambisiøse folk som er lidenskapeleg opptekne av det dei driv med.
 

Har nokon internasjonale/nasjonale prosjekter eller produkt inspirert dykk fagleg?

Prosjekt der design bidrar til å gjere verden ei betre stad inspirerer oss. Design Index for life er eit godt døme på eit slikt prosjekt. Vi er stolte over å ta del i The Oslo Manifesto som fører FNs berekraftmål inn i ein norsk kontekst. Det norske arkitekturmiljøet har lykkast med å skape eit begjær for ny arkitektur dei siste åra. Det er no fleire flinke studio som inspirerer med sine holistiske vakre bygg. Vidare så er vi interessert i designarar som bevegar seg utanfor grensene, som lagar uventa og vakre objekt. Vi har vart heldige å samarbeida med fleire innanfor denne kategorien, som engelske Glithero, franske Matthieu Lehanneur, norske Vera & Kyte og Kneip.
 

Har de eit spesielt forhold til norske produkt?

Der er mange perler i den norske og nordiske produkthistoria som inspirerer samtidig designproduksjon. Det enkle og naturlege er blitt eit go-to formspråk for ein heil generasjon produkt frå mange land. Det finnes også ei ekspressiv, idealistisk side ved den norske designen som vi finn interessant, Ekstrem-stolen til Terje Ekstrøm er eit godt døme på det. Vi føler nærleik til norsk, svensk og fransk handverk og er tiltrekte av møblar og objekt som fortel noko nytt frå den spesifikke kulturen. Vi opplever, etter ei periode der miljøet har søkt etter identiteten sin, at norsk design byrjar å opne og utfolde seg. Det er vakkert å sjå.
 

Når de tenker tilbake – kva burde det vært meir av i utdanninga dykkar?

Alexandre tok sin Master på 1990-talet på den franske Rennes kunst- og designhøgskule. Der var det konseptuelle og kunstnarlege i fokus med lærarar som Martine Bedin, grunnleggjar av Memphis-kollektivet. Design som strategisk verktøy og forretning var manglande. Birgitta har lært faget gjennom livslang læring, fødd inn i ein svensk møbelsnikkarfamilie, vidare ei grafisk designutdanning der hennar formsans vart trena på å lage typografi for hand. Utdanninga la også vekt på det forretningsmessige med å drive kreativ næring. Begge to mangla det utadvende blikket på samfunnet og samkjensla for dei ein designar for, noko som no er på veg inn i designutdanninga.
 

Har de mykje kontakt med fagmiljøet? Og i kor stor grad opplever de at NILs aktivitetar er relevante for dykk?

I DesignArena-klynga i Bergen, der Birgitta har vore med i styret sidan starten, jobbar vi for å gjere design til ei naturleg del av næringsretta innovasjonsarbeid og samfunnsutvikling. Gjennom kompetanseheving og å initiere tverrfaglege prosjekter har snart fire års arbeid begynt å gje frukter, og vi ser fleire interessante samarbeid konkretiserast no.
Saman med NIL tar vi del i SMI (Samarbeidsrådet for møbel og interiørdesign). Det er eit flott initiativ som vi har stor tru på vil samle miljøet for å vidare bygge opp det norske designmiljøet i utlandet.
Vi opplever at NIL er meir frampå på nye arenaer som blir viktige for faget framover. Som assosiert medlem i Oslo arkitekturtriennale initierte NIL vårt Ideal Lab program, Tøyen Replanted og eit studentprosjekt, som begge plasserte rom og produkt i ein samfunnskontekst. NIL var fullverdig partnar i heile Tøyen Replanted programmet, både då det kom til kommunikasjon og organisasjon, noko som gjorde vår deltaking til ein suksess.





Frå prosjektet Tøyen Replanted, Oslo Arkitekturtriennale 2016. Modellar av utandørs lysarmatur og hagetak.
Foto: Ralston & Bau

Kven av prosjekta dykkar er de mest stolt av?

Eigentleg har vi lyst å svare det meste! Men om vi skal sjå tilbake, så er vi stolte over vår kunde Vestnes Ocean, som vi arbeida strategisk med i ti år og designa to møbelkolleksjonar for. Vestnes Ocean gjekk frå å levere skipsinteriør til det lokale verftet på Vestlandet, til å bli Gasellebedrift som leverer møblar til norske og internasjonale kundar i blant anna India og Tyrkia.

Vi er også stolte over å ha bygd opp Transplant designsenter med ny arkitektur på fjordkanten i bygda Dale i Sunnfjord. Der tok vi imot 11 000 kreative og brukarar frå 2007 til 2012. Vi har nettopp seld bygget til Fjaler kommune, så no er det verkeleg transplantert i det lokale samfunnet! Det har vore eit ekstraordinært eventyr.

Frå 2010 har vi drive Ideal Lab, som er eit forskingsprogram der formingsfaget trer inn i eit samfunn i mutasjon. I tverrfagleg samarbeid med 52 agentar frå kunst, design og humanistiske felt har Ideal Lab definert framtidige behov og realisert objekt og kritiske verk som inspirerer til positiv endring i lokalsamfunnet. Gjennom Ideal Lab har vi utvida vår kunnskap omkring tema som matsvinn, eldrebølgja, medkjensle i nabolag og integrering. Dette er ei viktig kjelde til nyutvikling og oppdrag for industrien. ideal-lab.org

Kor er faget dykkar om 10 år?

Vi trur design vil vere ei naturleg del av alle type prosjekt. På same måte som det er viktig å ta omsyn til økonomien, vil det vere viktig å ta omsyn til estetikken. Gjennom Design Thinking-prosessen blir det aktuelt å inkludere designfaget i eksisterande og nye typar nyskapingsprosessar. Fleire typar fagpersonar leverer DT-prosessar, men det vil bli synleg at berre dei som konsekvent involverer designarar, vil få full utteljing i leveransane. Det er naudsynt å produsere arkitektur, interiør og landskapsarkitektur som tek omsyn til byggeprosjektet i eit lokalt og globalt økosystem.

Kor skal NIL være om 10 år?

NIL har ei viktig rolle for å legge til rette naudsynte føringar som verdset romleveransar i konkurransar og samstundes aukar kompetansen i faget. NIL er ein drivar for faget nasjonalt og internasjonalt. Det er sannsynleg at miljøet i aukande grad vil jobbe utanfor det norske marknaden, og NIL vil vere ei partnar for å støtte opp om dette gjennom eit internasjonalt bransjenettverk og samarbeid med norske utpostar.

Foto portrett: Andreas Eikeseth Nygjerd

Siv Senneset
Interiørarkitekt MNIL