Arbeidsplassutvikling i «den nye tida»
– Aktivitetsbaserte arbeidsplassar er misforstått av mange, skriver Utbjoe. Foto: privat

Arbeidsplassutvikling i «den nye tida»

Arkitektnytt.no mai 2020
Før «Den nye tida» var den store trenden aktivitetsbasert landskap. No heiter det «Corona-kontoret».

Me vert aldri lei av å snakke om kontoret vårt. Vår 2. heim. Lykkefaktor nr. 2. Den staden dei fleste arbeidsføre i landet oppheld seg åtte timar kvar dag fem dagar i veka. Mange kjensler blir sett i sving når me tek opp tema rundt arbeidsplassutvikling og kva som er det «optimale kontoret». No har ein ny og uventa faktor entra debatten. Nemleg Covid-19. Heimekontoret er plutseleg det mest aktuelle temaet.

«Gjemmekontoret»
Heimekontoret har på folkemunne tidlegare vore omtalt som «Gjemmekontoret». Og det er jo kanskje akkurat det det er blitt no. Krav og anbefalingar frå styresmaktene om sosial distansering har gjort at 1/3 av Noregs befolkning no sit heime og arbeidar. Her har me innan kort tid rigga heimane våre om til fullverdige arbeidsplassar. Nokon med tilhøyrande heimebarnehage eller heimeskule.

Døden for aktivitetsbaserte arbeidsplasser?
På borsen.no 18. april 2020 kunne me lese Nicolai Eriksen sin artikkel «Døden for åpent kontorlandskap». Der refererer han mellom anna til denne utsegna frå kommentator Oliver Burkeman: «Åpne kontorlandskap ble påtenkt av Satan selv, i Helvetes innerste korridorer».

Kommentaren han kom med var i samanheng med at forskarar i Sydney i 2013 konkluderte med at rundt halvparten av alle som arbeida i opne landskap var plaga av støy frå andre kollegaer.

Ope kontorlandskap vs. cellekontor er ein evig diskusjon. I tillegg har me aktivitetsbasert arbeidsplass. Det er i realiteten eit konsept som går ut på å dele alle fasilitetar i eit kontorlokale og at ein bestemmer sjølv kor ein skal jobbe med ulike aktivitetar.

Aktivitetsbaserte arbeidsplassar er misforstått av mange. Mellom anna av toppledarar som ynskjer å spare pengar på mindre areal. Eller av arbeidstakarar som er uroleg for støy eller å ikkje finne ein plass å jobbe. Svært ofte får konsulentar og arkitektar skulda for at ein berre vil spare areal og ikkje høyrer på dei tilsette sine behov.

Det er begrensa med forsking på området, og forskninga kjem gjerne frå utlandet og differensierar lite på sjølve utforminga av kontora eller autonomien til dei tilsette. Oversiktsartikkel «Office concepts. A scoping review» utført av Ane Gjærland med kollegaer frå Høgskulen på Vestlandet viser at forsking som fins på kontorløysingar i dag ikkje er god nok.

- Coronaviruset har vært en vekker. Det har påpekt at mye arkitektur ikke har tenkt på denne typen problemstilling i det hele tatt, sier Stein Knardahl ved Statens arbeidsmiljøinstitutt til Børsen.

Igjen er det snakk om støy, men også virussmitte. Som me veit smittar virus lettare når me sit tett. Det smittar også ved at me tar på dei same overflatene som kaffemaskin, dørhandtak, benkeplate, dokumenter, fjernkontroll osv. Sånn sett er ikkje det noko forskjell frå det å vere på cellekontor til det å arbeide i ope eller delt landskap? Men det kan løysast med å halde avstand.

Dette er ikkje berre arkitektur og cellekontor som kan løyse, men handling frå enkeltindividet. Ein kan velje å halde avstand for at ein ikkje skal smitte andre.

I artikkelen frå borsen.no seier Jan Kristian Karlsen at han håper det vil kunne føre til ein endring om både kor og når me jobbar.

Eg er einig med Karlsen. I 2020 har me den store fordelen at me har digitale hjelpemiddel som gjer at ein kan utføre arbeidet sitt nærmast kor som helst. Eg meiner at me etter utbruddet av Covid-19 alle har bevist at me er tilpassningsdyktige og endringsvillige. Det er også påstått at me på grunn av situasjonen har «hoppa» 15 år fram i tid når det gjeld digital kompetanse.

12. mars vart eg bedt om å snu i døra då eg kom på jobb. Ein kollega var blitt sjuk etter å ha komen frå Italia. På få timar var lokala våre med 130 menneskjer tømt. «Dette er døden for aktivitetsbaserte landskap» sa ein kollega til meg i det han passerte meg på veg ut.

Det trur eg ikkje, tvert imot.

Eg trur at me vil sjå meir fleksibilitet på arbeidsplassen enn nokon gong. No har me alle hatt eit «krash-kurs» i aktivitetsbaserte løysingar. Me har måtte tilpassa oss og få kvardagen til å gå opp på ein annan måte. Eg trur me vil fortsette på «gøymekontor» når det er behov for det. Og det vil det vere aksept for. Heimefrå kan du verne andre for smitte og deg sjølv for støy. Samtidig kan du ved hjelp av teknologi kommunisere med kunder og medarbeidarar. Andre gonger vil ein ha behov for å samlast og høyre til i gruppa si. Treffe kollegaer fysisk. Ha faglege og ikkje-faglege samtalar rundt kaffemaskina.

Interiørarkitektens rolle i «den nye tida»
Interiørarkitektane og møbeldesignarane si rolle har over tid endra seg slik dei fleste yrke i samfunnet vårt. I takt med endringar i samfunnet må me alle tilpassa oss. Dei som er god på endring, samarbeid og evnar å sjå mogelegheiter vil alltid klare seg. Også gjennom ei slik krise me kjenner på no.

For interiørarkitekten og møbeldesignaren startar og sluttar kvart prosjekt med brukaren. Det er brukaren som er den viktigaste i kvart prosjekt. Og gjer alle prosjekt unike. Ingen bedrifter er like, Ingen menneske er like.

Frå min ståstad er tilpassing og skreddarsaum viktigare enn nokon gong. Mogelegheit for å ta eigne val likeins.

Sida 12. mars har eg sete på heimekontoret mitt og gynga på stolen Varièr. Ein gammal klassikar designa av Peter Opsvik. Stolen minnar meg på at interiørarkitektur og møbeldesign er aktuelt like mykje no som før – så lenge ein har gode idear og evnar å tenkje «utanfor boksen».

 

Lene Utbjoe
Interiørarkitekt MNIL, visepresident i NIL