Lenes vandring gjennom FUORISALONE, Milano 2012
–ei vandring gjennom eit estetisk kaos
Når over ein månad har gått og intrykka frå årets design-hending i Milano har lagt seg, er det på høg tid å skrive nokre ord om kva som eigentlig var å sjå i ”designens Mekka”. Dette er andre året eg opplever denne fargesprakande veka på nært hald. I 2011 var eg student ved NABA i Milano der me hadde ein fabelaktig professor i design-historie, Massimo Martignoni. Han saman med andre professorar viste oss vegen gjennom byen for å finne dei gode utstillingane og happeningane. I tillegg fekk eg vere deltakar på eit av workshoppa som var arrangert i samband med designveka.
I år var eg derimot på eigehand, men eg reiste ned med gode råd frå føregåande år i bagasjen og fekk besøkt blant anna Ventura Lambrate, Spazio Rosanna Orlandi og Appertamento Lago i Brera design distrikt.
Hilsen Lene Pettersen Utbjoe, Bergensgruppen
Om Milano
Milano ligg i Lombardia regionen nord i Italia. Historisk sett har byen vært gjennom mange transformasjoner og ulike styrer. Frankrike, Spania, Østerrike har alle styrt byen i ulike periodar. Under 2. verdskrig vart byen utsatt for store øydeleggingar etter bombing frå dei allierte. Dette er grunnen til at byen i dag vert prega av arkitektur i frå tida etter denne perioden. Byggverk som Pirelli-tårnet, Torre Velasca og Torre Brancha er gode eksempel på dette. Eit namn som er særs viktig å få med seg når det gjeld Milano sin historie i arkitektur og design er arkitekt, møbel- og produktdesignar Giò Ponti som har teikna blant anna det tidlegare nemnde Pirelli-tårnet. Trass i at italienarane ikkje er kjend for god engelskkunnskap, er Milano ein internasjonal by. Lombardias hovudstad, er ein by der mange i designbransjen kjem for å prøve lukka. Byen består mykje av det innbyggjarane kallar ”passasjerar”. Dette er menneskjer som er på gjennomreise, besøk, studie og for arbeid. Når du er i Milano, vil du verte overraska over kor få du møter som faktisk er født og oppvakse i der. Dette endrar seg derimot under Salone del Mobile, då er me alle Milanesarar.
Om Messa og Fuorisalone 2012
Dei fleste designarar har eit forhold til Milano. Om det enten er på grunn av mote eller møbel- og produktdesign. Milanesarar er også serdeles interessert i design uansett alder og kjønn. Interessa kjem nok mykje saman med den viktige rolla design speler inn i kvardagen til Milano og Italia.
Møbelmessa i Milano, Salone internazionale del Mobile, er ei årleg tilstelling og er den største i sitt slag. Den finn stad kvar vår, som oftast i april månad. Sjølve messeområdet ligg i forstaden Rho, og er det største messeområdet i heile verda. Messa rommar eit hav av interiør. Det er eigne områder og paviljongar for kategoriane bad, kjøkken, lys, kontor og bortetter. Dei siste paviljongane har alltid eit område satt av til dei nye designspirene. Denne delen er kalla Salone Satelitte.
I RHO Fiera kan du finne det aller nyaste av det som er på marknaden og få ny kunnskap om produkt som er i produksjon, men du må kanskje røra deg vekk frå messa for å få den rykande ferske kjensla av design. Der du kan få ein smugkikk i krystallkula og få nyss i kva som vil gjelda i framtida. Der du kan finne inspirasjon til neste prosjekt, og verta fylt med nye idear. Der du får møta unge designarspirer og ta del i workshop, forelesingar, debattar (mykje på italiensk) og andre tilstellingar.
Dette vert kalla Fuorisalone, og betyr ”utanfor messa”. Her spirer dei unge designarane om kapp med våren i Lombardias hovudstad. Fuorisalone har oppstått som eit utspring frå Salone og foregår rundt i heile Milano. Byen forandrar seg rett og slett om til ein labyrint av design. Og me elskar det!
Sjølv om eg ikkje klarte å nå over alt i år heller har eg mine klare favorittar frå årets Fuorisalone.
Studentane frå universitetet i den Haag, Belgisk design på Triennale, tapet frå Thomas Eyk i Spazio Rossana Orlandi, bamboo LED lamper som blåste såpebobler for å nemne nokre. Men det var også mange fleire som fortener god omtale. Møbeldesignar-studentar frå Serbia hadde ei utstilling i Zona Tortona, og imponerte med sine enkle men geniale løysingar. Blant anna ein portabel piknik-sofa.
Det er også rom for etablerte designarar i Fuorisalone. I år hadde til dømes Italo Rota saman med Samsung , laga ein installasjon med tilsynelatande grå-måla rom frå ein kva som helst heim. Installasjonen var eit interaktivt prosjekt, der tilskodaren fekk tildelt eit Samsung lesebrett med kamera. Då du såg på rommet gjennom kameralinsa på lesebrettet, ville det utspele seg ei hending frå dagleglivet i kvart rom. Utan brettet var det heilt grått igjen. (Sjå youtube klipp med å følgje linken: http://www.youtube.com/watch?v=FnJmXDm2imUhttp://www.youtube.com/watch?v=FnJmXDm2imU )
Områda
Områda du må merke deg i samband med Fuorisalone:
Zona Tortona: Området like bak Porta Genova. I år kunne du her mellom anna oppleve Super Studio Piú der det var ulike installasjonar for å vise fram møblar og material, pop up baren til Heineken, den Franske paviljongen, pop up møbel verkstad.
Brera design district: Her er det alltid mange flotte utstillarar i dei ulike eksklusive butikklokala og Apartamento Lago er også alltid eit must å vitja. Ventura Lambrate: ligg nord-øst i Milano og gjer seg meir og meir gjeldande innanfor interiørdesign. Her ligg blant anna hovudkvarteret til design og arkitekturbladet Abitare. I år hadde IKEA ei stor utstilling med sine nye produkt og det er fleire hallar med arbeid frå studentar frå ulike land.
Spazio Rossana Orlandi: Dette galleriet er drevet av den legendariske Rossana Orlandi. Lokalet er eit eventyr som består av tre etasjar i tillegg til gardsplass med designkafé. I år var det her blant anna Daniel Rybakken stilte ut saman med Luce Plan.
Triennale Design Museum: Dette er museet du må besøke uansett når på året du oppheld deg i Milano. Men spesielt under Salone del mobile. I år hadde blant anna Rintala Eggertson Arkitekter ansvaret for paviljongen som romma finsk møbeldesign. Paviljongen låg i hagen som høyrer til Triennale og som ligg tett ved Parco Sempione. Her hadde også Japanske Yasushi Matsumoto ein paviljong som der han viste med vatn og runde glas, korleis ei kameralinse fungerer i prinsippet.
Dette er eit knippe av kva du kan få med deg, men ha gjerne ein dag der du bruker på å berre gå deg litt vill og sjå kva du treff på. Kanskje med hjelp av ein designguide frå bladet INTERNI som ligg rundt heile byen under Fuorisalone-perioden.
Råd:
Mitt fyrste råd til alle som skal til Milano på denne tida er: Ta med deg ein paraply! I april kan været skifte like raskt som i Bergen og det er greitt å vere føre var. Råd nummer to: Ta med deg godt skotøy. Eg gjekk hol i skoa mine på min vandring gjennom jungelen av design i Zona Tortona.
Med det same du kjem ned til Milano må du få tak i Guiden frå Interni. I denne guiden står alt det du treng å vite om utstillingar, hendingar, debattar og bortetter.
Når det gjeld transport. Få tak i eit vekeskort eller klippekort på metroen. Dette kortet gjeld på både buss, metro og trikk. MEN husk at det kostar ekstra dersom du skal heilt ut til messa i Rho Fiera.
Kor skal du bu? Eg vil anbefale å bu så nært som mulig Porta Tichinese som ligg sør for Duomo. Då er du nær Zona Tortona og Spazio Rossana Orlandi i gangbar avstand. Det er heller aldri vanskelig å komme seg rundt med metro eller trikk.
Eventer
Få med deg dei lange kveldane på legendariske Bar Basso. Dette er ein bitte liten bar som ekspanderer godt utover gata under møbelmessa.
Delta på eit workshop. Dersom du ser etter det i god tid før du reiser, kan du kanskje delta på workshop og slik verte ein del av Fuorisalone.
Førelesningar. Det er mange kjende designarar og arkitektar som held førelesningar eller deltek i debattar på denne tida. Få med deg tid og stad med å lese i guiden frå Interni bladet.
Milano er ein by som blømer under design veka og det oppstår eit heilt spesielt samhald mellom designarar som held til der og som er tilreisande for anledninga. Med denne artikkelen håper eg at du har fått eit innblikk i korleis livet i Milano er under Salone del Mobile. Det er eit hav av mogelegheiter der ein kan finne inspirasjon og få nye idear. Det viktigaste å hugse på er å vere open og klar for å flyte gjennom det estetiske kaoset som Milano har å by på i den Italienske våren.