Feiltolket bygningsforskrift

- Det er unyansert og dels villeiande informasjon når nokon hevdar at dei nye byggjereglane vil gjere at nye bustader skal ha handicapbad og at prisane vil auke betrakteleg, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- I samband med dei nye forskriftene til plan- og bygningslova som skal gjelde frå 1. juli i år, har ulike aktørar og medium presentert reknestykke og byggjekrav statsråden ikkje kjenner seg igjen i.

- For det første set ikkje dei nye byggjeforskriftene krav om eit fullt utbygd ”handicapbad”. For det andre vil kostnadene for den tilrettelegginga det er krav om vere langt lågare enn kva til dømes Selvaag hevdar til Aftenposten, seier Navarsete.

Dei nye byggjereglane krev at alle nye bustader skal ha minst eitt bad med toalett som er tilgjengeleg for rullestol. Då må badet ha ein storleik på minimum 4 m2. I samband med arbeidet med nye byggjeforskrifter, blei det innhenta opplysningar om storleiken på badet i nye bustadbygg som mellom anna NCC, Selvaag og Peab er ansvarlege for. Der kom det fram at dei fleste bad m/toalett er om lag 4.7 m2, uavhengig av storleiken på bustaden. Bustadprodusentene opplyste at meirkostnaden for å auke arealet på badet med 1-1,5 m2 ligg på 1500 - 5000 kroner.

Mange byggjer allereie i dag bad som er større enn dei nye krava som kjem. At badet skal vere stort nok til ein rullestol, er ikkje det same som at badet skal vere innreia med til dømes armlene, bøylar og klappsete. Det skal likevel vere enkelt å ettermontere slikt utstyr om ein treng  det på eit eller anna tidspunkt i livet, påpeikar Navarsete.

Statsråden peikar på at dei nye reglane vil gje betre tilgjenge for alle.

- Når det vert bygd nye bustader framover, vil dei vere tilpassa heile livsløpet. Fleire eldre kan bu og klare seg i sin eigen heim. Eg har tru på at byggjenæringa vil vere med og utvikle gode og kostnadseffektive løysingar for å byggje bustader som tilfredsstiller krav og behov for framtida, seier Navarsete.