NIL mener: Paradigmeskifte innan arbeidsplassutforming
Visepresident i NIL Lene Utbjoe. Foto: Privat

NIL mener: Paradigmeskifte innan arbeidsplassutforming

Arkitektnytt nr. 04/2021
Mange meiner noko om korleis det vil vere på arbeidsplassen post Covid-19. Korleis vil kontoret sjå ut, skal alle no få cellekontor? Eller skal alle sitte heime?

Som alltid vil eg påstå at dette vil utvikla seg ulikt frå bedrift til bedrift og person til person. Men det er ingen tvil om at me vil sjå eit paradigmeskifte. Der standarden kjem til å sjå annleis ut enn den gjorde før pandemien.

I løpet av året som har gått har mange i bransjen kome med spådommar om korleis arbeidsplassen vil og bør sjå ut når me har komen oss «på andre sida». På Arkitektnytt sine debattsider vert det etterspurt at interiørarkitekten må komme meir på bana.

Og det er vi heldigvis! Sidan mars i fjor har fleire interiørarkitektar vist eit engasjement i form av artiklar på nett og i aviser og ikkje minst i sitt daglege virke i kontakt med brukarar og bedrifter. Interiørarkitekten har ei stor rolle med å vere rådgjevarar og prosessleiarar i arbeidsplassutviklinga.

Ein ser at arbeidstakarar i omtrent alle bedrifter har takla endringa godt i året me har bak oss. Men me ser og at det har begynt å tære på enkelte områder. Mangel på sosial kontakt, balanse mellom jobb og privatliv.

Det handlar ikkje berre om sluttresultatet av eit flott interiør som ein finn arbeidsstasjonen sin på. Men korleis ein planlegg kontoret slik at det er eit poeng å kome tilbake på kontoret. Me kan jobbe heime. Men me treng også å sjå kollegaene våre og kjenne at ein er del av eit team.

Det er ingen svar med to strekar under på korleis standarden på arbeidsplassutforminga vil sjå ut etter pandemien, men me ser klåre tendensar. Meir autonomi i kor ein jobbar og når ein jobbar. Arbeidsplassar som fokuserer på å vere ein sosial arbeidsplass der ein går for å jobba saman med kollegaer. Møter skjer kanskje mykje digitalt no, men me som menneske treng også påfyll av fysiske treffpunkt for å gi næring til motivasjon og kreativitet.

For å leggja til rette for gode omgjevnader som understøtter gode arbeidsplassar no og i framtida, må interiørarkitekten ha ein sentral rolle i utviklinga.

Lene Utbjoe
Interiørarkitekt MNIL
Visepresident i NIL