NIL mener: Verneverdige bygg

NIL mener: Verneverdige bygg

Arkitektnytt nr. 11/18

Ein kamp med antikvariske myndigheter? Eller ein gåvepakning for Aktivitetsbaserte arbeidsplassar? Me er i ei tid der fleire og fleire bygg er under transformasjon, ombygging og rehabilitering. Det pregar mykje av oppdragsmassen til bransjen, og det ser ut som om dette også vil prege framtida.

Det handlar om miljø, nyskaping, særeigenheit, historie, nostalgi, identitet og økonomi.

I Arkitektur N kallar Gaute Brochmann det Interiørarkitektenes gylne mulighet. Ei overskrift som fekk delt mottaking hos interiørarkitektane. Nokon applauderte at me endeleg fekk pressedekning og anerkjenning for vår betyding og rolle i arkitekturbransjen. Andre var oppgitt over at ein ikkje før no hadde oppdaga kva ein interiørarkitekt arbeider med. Malin Skjelland Eriksen skriv i Arkitektnytt 7. mai 2018: ”Hallo! Det er opplysningskontoret for interiørarkitektur, ” med eit bodskap om at dette har vore interiørarkitektar sin praksis i Norge i over 80 år.

La oss fokusere framover. Det er kjent at interiørarkitektar arbeider med brukarar og innvendig arkitektur. Difor er det ein sjølvsagt utvikling at etterspørselen og bevisstheit rundt interiørarkitekten aukar parallelt med auka oppdrag på innvendige oppdrag. Men det vert også eit aukande behov for nytenking. Nye yrker spirer fram og me må også passe på at me som faggruppe henger med og utviklar oss.

Parallelt med at transformasjon, ombygging og rehabilitering er eit heit tema, går debatten også varmt om korleis framtidas arbeidsplass skal sjå ut. Det er få tema som skaper så mykje engasjement som dette.

Framtidas arbeidsplassar skal ikkje berre utformast i framtidas bygg, men også implementerast i eksisterande bygg. Gjerne bygg med status som verneverdige eller til og med freda. Er dette mogeleg? Korleis kan eit bygg frå 1720 eller 1970 vere tilpassa brukarane som skal inn der i 2020?

Arealnorma i offentlege bygg er no 23 m2 BTA på nybygg og 28 m2 BTA i eksisterande bygningsmasse. Aktivitetsbaserte arbeidsplassar ligg til grunn. Mykje uro, frykt og gammal forsking blir lagt fram frå frustrerte arbeidstakarar som er redd for å ikkje få konsentrere seg og gjort arbeidet sitt.

For nokon år sidan spurte min dåverande leder meg om kva eg meiner er framtidas arbeidsplass. Eg svarte: "-Ein arbeidsplass der individet får meir fridom og at det gagnar fellesskapet. Individet må få fridom til å vere seg sjølv og utvikle seg på sine premiss. Me deler meir og meir, tida går fortare, men samstundes får me augo opp for at det er det nære som er viktig. Det er det nære som gir oss motivasjon til å prestere". Dette står eg for fortsatt.

I denne samanhengen vil interiørarkitekten vere sentral. Interiørarkitekten er ekspert på å tilpasse areal for brukaren, med respekt for den eksisterande bygningskroppen. Ein kan sjå på det som ein episode av ”Parterapi”, der bygget og brukaren representerer paret i sofaen. Dei skal finne saman igjen. Bygget skal behalde sin struktur og særeigenheit, og brukar skal lære seg å kjenne deler av bygget og korleis dei kan fungere saman med omsyn til begge partar sine behov. Dette må gjerne gå på kompromiss for begge partar, men ein kan også lære seg å verdsette særeigenheita hos kvarandre. Kanskje det er akkurat det som gjer dette til den unike arbeidsplassen som ein er stolt over.

”Når endring blir normalen” var årets tema på Statsbyggkonferansen. Og det er akkurat slik det er. Endring er normalen. Men me kan dra nytte av det historia har lært oss. Det er det som har vært som definerer oss som menneske og bygget som særeigent. Å transformere/ ombygge/ rehabilitere eit eksisterande bygg kan vere ei gåvepakke for bygg, menneske og miljø.

Men for at paret skal fungere i lag, må ein ta seg tid til å bli kjent, og tilpasse kvarandre sine behov. Då kan det bli slik:

(BYGG 1920 x interiørarkitektur) + (Arbeidstakar 2020 x brukarmedverking) = SANT

Lene Utbjoe
Styremedlem i NIL, interiørarkitekt MNIL