Søker interiørarkitekt til biblioteksprosjekt i Vang i Valdres

Lagt ut 29.04.15

Prosjektleiar for prosjekt FriBib (arkivsak nr. 15/150)

Frivilligsentral og bibliotek som sosial møteplass

Vang folkebibliotek og Vang frivilligsentral er samlokalisert, og har fått midlar frå Nationalbiblioteket til å utvikle lokala som sosial møteplass. Til dette arbeidet søker vi ein prosjektleiar til eit oppdrag på om lag 150 timar

Vang folkebibliotek og Vang frivilligsentral er samlokalisert, og har fått midlar frå Nationalbiblioteket til å utvikle lokala som sosial møteplass. Til dette arbeidet søker vi ein prosjektleiar til eit oppdrag på om lag 150 timar. Prosjektet er ønska gjennomført sommaren/ hausten 2015. Korleis timane blir disponert kjem vi fram til saman med søkar. Vi tilbyr løn etter nærare avtale i hht kvalifikasjonar.

Arbeidsoppgåver

-          Utvikle planer for interiør og lyssetting

Herunder kjøkenkrok, benkar/bord/podie, omstrukturering av bokhyller samt utvikling av digitale formidlingsstasjonar. Fokus på lyd/støy/inndeling av lokala i ulike soner er eit viktig element.

-          Finne leverandører og bestille interiør

-          Budsjettansvar for prosjektet

Kvalifikasjonar og evner

-          Utdanning og/eller erfaring med interiørdesign og romløysing, helst med kjennskap til biblioteksektoren

-          God evne til prosjektleiing og sjølvstendig arbeid

-          Evne til å forstå ulike brukergrupper sine behov og sette seg inn i frivilligsentralen og biblioteket sine mange bruksområder

-          Pågangsmot og godt humør

Arbeidsplassen vil vere i Vang folkebibliotek, Vangstunet. Prosjektet skal gjennomførast i samarbeid med biblioteksjef og dagleg leiar for frivilligsentralen. Vi har i forprosjektet utvikla skisser som gir utgangspunktet for prosjektet.

For spørsmål, skisser o.l. kontakt biblioteksjef Åsta Brenna; asta.brenna@vang.kommune.no på telefon 61369424

Vi ber om elektronisk søknad til heimesida vår www.vang.kommune.no eller i vanleg post til Vang kommune, Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres innan 08. mai 2015.