Velkomen til opning av Stockholm-utstilling, fredag 15. mars!
19 bachelor- og masterstudentar ved Institutt for design, Universitet i Bergen, har delteke på Stockholm Furniture and Light Fair. Med eit utval individuelle prosjekt, innan både møbel- og interiørarkitektur, vil studentane presentere prototypar og erfaringar frå messa.
Utstillinga med namnet RÅ, plassera prosjekta i ein samla kontekst med fokus på den rå og ærlige prosessen. Studentane har hatt ei empatisk tilnærming til prosjekta og ynskjer å formidle at design kan være eit samfunnsnyttig verktøy.
Tid: fredag 15. mars kl. 18.00
Stad: KRAFT, Vågsallmennngen 12, 5805 Bergen
I anledning utstillinga, vil det bli arrangert temakveld 21.03, 28.03 og 11.04. Her er fokuset retta mot designprosessen, berekraftig materialbruk og designaren si rolle i samfunnet. Meir informasjon kjem seinare.